«Morhpogenesis I–III (2015–2017)» av Silje Nes

Morhpogenesis I–III (2015–2017)

Morphogenesis I–III er ein serie stadsspesifikke lydinstallasjonar. Kopartråd, 4-12 høgttalarelement, 2 piezomikrofonar, MaxMSP-patch.

Morhpogenesis byrjar med skapinga av ein koparstruktur – ein monoton prosess der celle etter celle blir lagt til eit ekspanderande metallnett‚ ein spiral av enkeltceller forma frå ein enkelt streng. Det er ein syklus der kvar rad er avhengig av den førre for å kome til. Strukturen er hekla av 5 kilo kopartråd. Kopartråden stammar frå det tyske Bundeswehr, der den har blitt brukt til leidningsnett i fly.

Når strukturen har nådd sin fulle storleik, tek han til å arbeide på eiga hand. Den held fram med å forme syklusar, no i form av lydbølgjer. Hengande frå ein serie høgtalarelement i taket snakkar koparkroppen eit språk beståande av subsonisk lyd, lyd som har for låg frekvens til at det menneskelege øyret kan oppfatte han. Strippa for sine høyrbare kvalitetar blir vibrasjonane i høgtalarane reduserte til mekanisk rørsle, synleg for det menneskelege auge. Lydsignal blir plukka opp av kontaktmikrofonar festa til  koparkroppen, og ein kan kun høyre lyden av rørsla i materialet sjølv. Morphogenesis overvakar si eiga åtferd, og ved å endre lydbølgjene høgtalarane sender ut, søker han orden (utan nokon gang å fullstendig lukkast).

Morphogenesis kan og vil vere mange ting på ein gang. Omgrepet tyder «byrjinga til forma», og blei først brukt av matematikaren Alan Turing for å forklare prosessen der organismar utviklar seg frå ei enkelt celle til komplekse skapningar med greiner, armar og bein. Morphogenesis er ein enkelt struktur som består av ein kopartråd organisert som ei heile; det er eit mangfald av midtpunkt, av små sjølvstendige celler, periodevis framheva av den konstant endrande rørsla i materialet.

Silje Nes

Silje Nes er ein norsk lydkunstnar og musikar basert i Berlin og Bergen. Ho har gitt ut to album på britiske FatCat Records, Ames Room (2008) og Opticks (2010), og gir ut vinylutgjevingar på eigen label Noko Ana. Hennar skulpturelle lydinstallasjonar fungerer som klingande objekt i rommet, med algoritmisk endrande åtferd som baserer seg på ein syklus av lyd. Felles for dei ulike prosjekta er at dei utfordrar forestillinga om eit tydeleg skilje mellom organisk liv og det ikkje-levande. Ho er utdanna MA Sound Studies frå UdK Berlin.

http://www.siljenes.com

Foto kreditt for portrett: Petri Henriksson

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s